Hurtigruten held fram?

MS "Midnatsol" til kai i Vardø. Fotograf: Trym Ivar Betrgsmo/Hurtigruten ASA

Ved tilbodsopning for drift av kystruta Bergen–Kirkenes har Samferdselsdepartementet motteke eitt tilbod. Selskapet som har lagt inn tilbod er Hurtigruten ASA, noverande løyvehavar, skriv departementet i ei pressemelding.

Samferdselsdepartementet vil no vurdera om tilbodet oppfyller krava i konkurransegrunnlaget.

– Val av alternativ må sjåast i lys av krav til ressursbruk. Målet er å få til eit så godt tilbod som råd er. Samferdselsdepartementet vil no gå gjennom tilbodet. Av di det berre er ein tilbydar, vil det kunna verta aktuelt med forhandlingar med tilbydaren, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Samferdselsdepartementet lyste 30. juni i år ut drift av kystruta Bergen–Kirkenes for konkurranse, med ein driftsperiode på åtte år. Konkurransen har vore annonsert i EØS-området.

Konkurransen er lyst ut i tre alternativ:

  • Alternativ 1: Daglege seglingar heile året, til 34 hamner
  • Alternativ 2: Seglingar sju dagar i veka sommar (åtte månader), fem dagar i veka vinter (fire månader), til 34 hamner
  • Alternativ 3: Seglingar fem dagar i veka heile året, til 34 hamner

Hurtigruten ASA har lagt inn tilbod på alle tre alternativa. Tilbodet for heile driftsperioden på åtte år er på 6000 millionar kroner for alternativ 1 (dvs. 750 millionar kroner per år), 5840 millionar kroner for alternativ 2 (dvs. 730 millionar kroner per år) og 4640 millionar kroner for alternativ 3 (dvs. 580 millionar kroner per år).

Hurtigruten ASA tilbyr seg å starta ny avtale 1. april 2011. Sidan det er aktuelt med løysingar der selskapet skal ha ei godtgjersle som er større enn beløpet i gjeldande avtale for drift av kystrute Bergen–Kirkenes, vil det vera aktuelt å leggja saka fram for Stortinget før ein inngår avtale mellom staten og selskapet.

Etter konkurransegrunnlaget skal ny avtale setjast ut i livet seinast 1. januar 2013.

Foto: MS «Midnatsol» til kai i Vardø. Fotograf: Trym Ivar Betrgsmo/Hurtigruten ASA