Stolt og tydeleg HANE
Organisasjonen HANEN skal vere endå tydelegare og meir synleg i saker som vedkjem bygdeturisme, gardsmat, innlandsfiske og andre opplevingar på bygdene. Det blei vedtatt på landsmøtet til HANEN som blei arrangert på medlemsbedrifta Lien Fjellgard i Svartdal i Telemark førre veka, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
Landsmøtet endra strategien og går frå å vere bransje- og markedsorganisasjon til å bli interesseorganisasjon.
– Det betyr mellom anna at vi skal spisse vårt arbeid endå meir mot saker våre medlemmer er opptekne av og utnytte det gode samarbeidet vi i dag har med mellom anna Bondelaget, Bondens Marked, DNT, ulike reiselivslag og andre organisasjonar i næringa, seier styreleiar for HANEN, Jan Tjosås frå Kvam i Hordaland.
HANEN er den einaste landsdekkjande interesseorganisasjonen for verksemder som tilbyr opplevingar på bygdene og er difor eit viktig talerøyr overfor styresmakter og premissleverandørar nasjonalt og lokalt.
– Mellom anna er det viktig å gi innspel til den nye reiselivsmeldinga og landsbruksmeldinga, seier Tjosås.
– Dei siste åra har grønt reiseliv, lokal mat og opplevingar på bygdene fått eit stort oppsving. Dette er ei viktig satsing for politiske styresmakter som skal fremje vekst både på bygdene og i næringslivet, seier han. Det er mange som vil profilere tilboda våre medlemmer kan tilby. Samanlikna med 1990-talet, då organisasjonen oppstod, er det fleire samanslutningar som tilbyr marknadsføring på nett og papir, sal av lokal mat og opplevingar på bygdene. Både statsrådar, bondelagsleiarar og i stortingsmeldingar blir det snakka varmt om kor viktig grønt reiseliv og lokal mat er, men det er ingen andre landsomfattande organisasjonar som kjempar kun for HANENs interesser.
HANEN skal vere den organisasjonen som har best kunnskap om småskala matproduksjon og reiseliv, slik at den med tung bransjekunnskap kan vere eit tydeleg og uredd talerøyr for næringa, heiter det mellom anna i den nye strategien landsmøtet vedtok.
HANEN har i underkant av 500 medlemmer, og er ei samanslåing av organisasjonane Norsk Gardsmat, Norsk Bygdeturisme og Norsk Innlandsfiskelag. HANENs verdiar er at medlemmene skal formidle kultur, vise omtanke og stå for opplevingar.
Foto: Hovedstyret i HANEN 2011-2012. Fra venstre: Styreleder Jan Tjosås (Øystese), nestleder Liv Aastad (Buvika) og styremedlemmene Espen Blåfjelldal (Bagn), Ann-Torill Briksdal (Hovden), Oddvar Haugland ( Vikedal), May Johannessen (Risøyhamn), Siw-Ellinor Aagård (Nordli) og Anne Margrete Alværn (Lavik).