- Future of Sales Conference | Oslo
- HSMAI med kraftig satsing i Norge!
- Feiring av suksess og fremragende prestasjoner: Reiselivsbransjens beste ble hedret på HSMAI Awards Norway 2023
- De nominerte til HSMAI Awards Norway 2023 er…
- Connecting Future Leaders er tilbake igjen torsdag 14. mars på Scandic Solli!
Aurland Ressursutvikling med rekordresultat i 2017
Satsinga på turisme har gjeve nok eit framifrå resultat for Aurland Ressursutvikling. I 2017 hadde verksemda vekst i alle periodar av året, og rekordresultat med omsetnad på 211,8 millionar kroner, noko som er 41,3 millionar kroner meir enn i heile 2016. Driftsresultatet (EBITDA) auka med 44 prosent, til 80,6 millionar kroner, skriv verksemda i ei pressemelding.
– Den gledelege utviklinga har to årsaker. Det er fleire gjester, og høgre omsetnad per gjest enn tidlegare år, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.
I 2017 vart det registrert sal til gjestar frå heile 110 land. Veksten kjem både i form av auka tilbod, førehandssal, effektiv logistikk, prisdifferensiering og meirsal i alle kanalar. Konsernet sin langsiktige innsats på marknadsføring, og satsing på vinter, gjev effekt for Flåm AS og dei felleskontrollerte verksemdene The Fjords DA og Flåm Utvikling AS (Flåmsbana). Kjerneoperasjonar, som Fretheim hotell, Flåmsbana og Fjordaktivitetane, inklusive Geiranger og Lysefjorden, syner fin vekst.
Vekst heile året
Konsernet har vore tydeleg på å utvikle heilårsturisme. Det er godt å sjå at både skuldersesongen (før og etter sumaren) og vintersesongen har god vekst, og bidreg til det gode årsresultatet. Fokus på marknadsføring, sal og produktutvikling i desse periodane, bidreg til å auke interessa, òg utanfor hovudsesongen. Alle aktivitetar i konsernet syner vekst i omsetnad for tredje tertial 2017, mot 2016.
– Responsen frå marknaden er særs positiv, og me forventar at den stadig sterkare posisjonen til Flåm som heilårsreisemål, skal fortsetje å bidra til framtidig vekst. Satsinga på heilårsturisme krev betydeleg investering. Konsernet har langsiktig mål om å levere positive resultat i alle årets tertial. Med dagens utvikling har me trua på at det skal me klare, seier Hjelleflat.
Flåm-klynga ein suksessfaktor
Alle aktivitetar i konsernet syner vekst i 2017. Flåm AS og verksemdene The Fjords DA og Flåm Utvikling AS evnar å skape synergiar på tvers av selskapa. Spesielt gjeld det effektiv drift, god bruk av kompetanse, samt tilrettelegging for gjesteopplevinga på tvers av selskapa og aktivitetane. Utviklinga i konsernet bidreg òg til positive ringverknadar for lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar. I dag utgjør Flåm-klynga meir enn 100 heilårstilsette.
2018 ser lyst ut
Ordrereserven for 2018 er no heile 45 prosent høgare enn på same tidspunkt i fjor. Grunnen er ein kombinasjon av fleire attraksjonar, aktivitetar, auka interesse, samt tidlegare tingingar.
– I 2018 vil konsernet auke satsinga på jula. For fyrstkommande jul vil alle attraktivitetar vera opne og tilby opplevingar for våre gjester. Saman med andre lokale aktørar ynskjer me å tilby gjestane ei heilskapleg jul i Flåm, og det arbeidet er allereie igangsatt, avsluttar Hjelleflat.
Foto: Nærøyfjorden. Fotograf: Sverre Hjørnevik/Visit Flåm.