- HSMAI med kraftig satsing i Norge!
- Feiring av suksess og fremragende prestasjoner: Reiselivsbransjens beste ble hedret på HSMAI Awards Norway 2023
- De nominerte til HSMAI Awards Norway 2023 er…
- Connecting Future Leaders er tilbake igjen torsdag 14. mars på Scandic Solli!
- Meld deg på Møte- og Eventbørsen 2024!
Lanserer suksess-konsept i Hardanger
No kan du kjøpa Travel like the locals-turar i Hardanger. Konseptet gjer det lettare for turistar å reisa rundt med offentleg transport i regionen.
– Dette er eit veldig spanande prosjekt me har stor tru på. Travel like the locals har vore ein stor suksess i Møre og Romsdal, og no ser me fram til å tilby dette til turistane i Hardanger, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord i ei pressemelding.
Vinn-vinn
Det kan vera utfordrande for turistane å orientera seg om kollektiv-tilboda i Hardanger, og det er her Travel like the locals kjem inn. Konseptet går ut på å samla og selja ferdigpakka turar med offentleg transport rundt om i regionen. I Møre og Romsdal kan dei skilta med ein fin vekst dei siste åra. I 2016 nytta om lag 3400 turistar, fordelt på 16 turar, seg av tilbodet. No har talet reisande auka til 8000, fordelt på 40 turar.
– Dagens turistar vil oppleva «autentiske» Hardanger, og det får dei no. Å reisa kollektivt er prisgunstig og bra for miljøet. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, seier Skogseth.
Nøgde turistar
I fyrste omgang «får» Hardanger elleve turar, som er spreidd rundt i heile regionen. Desse kan tingast på fysiske utsalsstadar eller på ei felles nettside for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
– Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire står på vent og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar, seier Marit Holen, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Foto: Ei klassisk scene frå idylliske Hardanger. Foto frå Visit Hardangerfjord.