Ukens navn: Gunda Djupvik

Gunda Djupvik
Seniorrådgjevar
Arbeids- og velferdsdirektoratet

Gunda Djupvik, seniorrådgiver i Arbeids- og velferdsirektoratet, er også medlem av HSMAI Advisory Board for innkjøpere. Hun er jurist, og har i tolv år jobbet med kontraktsforvaltning og anskaffelser i Arbeids- og velferdsetaten. Før det arbeidet hun hos Nasjonalbiblioteket, etter å ha tilbrakt Sine første år etter studiene i musikkbransjen. På fritiden skriver hun om mat, og har gitt ut tre kokebøker.

Q: Hva består din arbeidshverdag av?

A: Eg nyttar mykje tid på å halde meg oppdatert på kva som skjer på dei områda eg jobbar innanfor, først og fremst eigedomsdrift og forretningsreiser. Så har eg mykje kontakt utover i etaten, og følgjer opp at dei som nyttar kontraktene våre får det som er avtalt, og tenkjer ut nye måtar å løyse utfordringer på. Eg jobbar i eit veldig inspirerande og engasjert team, som alle har som mål å spare skattepengar, og å gjere NAV betre.

Q: Hva er det beste ved jobben din?

A: Dei eg jobbar saman med, og dei eg møter på min veg. Møte med menneske er det som motiverer meg aller mest, og ikkje minst det å hjelpe dei til å få ein smidigare kvardag i ein travel organisasjon.

Q: Har du noen du har sett opp til?

A: Eg ser opp til alle dei kvinnene som gjekk framfor oss, som hadde små barn på seksti- og syttitalet, og som kjempa igjennom foreldrepermisjon, likestilling på arbeidsplassen, og ikkje minst retten til å bli lytta til i saker som gjaldt dei. Vi har lett for å ta for gitt slik vi har det i dag, men det har blitt kjempa fram med morsmjølk, sveitte og tårer.

Q: Har dere noen hyggelige tradisjoner på kontoret?

A: Ja, vi finn alltid på morosame ting, no skal vi snart ut og samle mose til ein mosevegg som vi skal byggje på kontoret, og vi har hatt matkurs, julegave-workshop og malekveld, til dømes. Så vi er ein kreativ gjeng.

Q: Hvor lenge har du vært engasjert i HSMAI?

A: Det veit eg jammen ikkje, eit par år, tenkjer eg?

Q: Hva syns du er det beste ved HSMAI?

A: Fagfellesskapet, og møteplassen med bransjen, der ein kan diskutere ting fritt og utveksle idear og tankar.

Q: Er det noen aktiviteter eller tiltak du syns HSMAI bør starte opp?

A: Ikkje noko konkret som eg kjem på i farta.

Q: Beskriv en perfekt helg for deg.

A: Då er vi i huset vårt i Sverige, aller helst med borna, som er så store at dei har flytta for seg sjølv. Ei helg med dei, med god mat og turar i skogen ville vere perfekt.

Q: Hvis du var Norges statsminister, hva ville du lagt vekt på?

A: Då ville eg lagt vekt på å lage eller å støtte opp om fleire arbeidsplassar for folk som treng tilrettelegging og støtte, slik at fleire kan få oppleve den gleda det er å ha gode kollegaer og ein meiningsfull kvardag.

Q: Hvordan vil noen som kjenner deg beskrive deg?

A: Idérik, ivrig, flink til å motivere og god til å lage mat.

Q: Hvor går neste reise, privat eller i arbeid?

A: Den går til huset vårt i Sverige, mest sannsynleg allereie i morgon.

Q: Har du noen spesielle hobbyer?

A: Utover matlaging har eg eit lidenskapeleg forhold til parfyme, og eg elskar å få ting til å gro i hagen min.

Q: Om du var fanget på en øde øy, hva ville du tatt med deg, om du fikk velge én ting?

A: Atamon. Det konserverer og hindrar mugg og gjæring, så viss eg fann mat som eg måtte ta vare på, kunne eg brukt atamon for å få det til å halde seg lenger.

Q: Takk, har du ellers noe på hjertet?

A: Du ville ikkje bekymre deg så mykje om kva folk tenkjer om deg viss du visste kor sjeldan dei gjer det.